![]() |
Her ser me ruta som gruppa mi hadde. Raude ringen er der me sov på Fjærlandsete. |
No skal eg fortelje litt om turen som eg og friluftslivklassen min hadde til Fjærelandsete den 15.09-16.09.
Turen starta ved Mannsverk i Øvstedalen og enda på Kollsete i Sogndalsdalen. På førehand hadde me planlagt ei rute som me skulle prøve å følgje.
![]() |
Gutane på veg opp til Furuset. |
Me vart og delt inn i fem teltgrupper som skulle jobbe i lag med å finne rute, lage mat og sove telt i lag.
Den første delen av turen skulle me gå frå Mannsverk til Furusete og gruppa mi leda klassen utan problem opp til Furusete. Me starta å gå klokka 10 frå Mannsverk og det i eit forrykande tempo.
På Furuset hadde me ein lang og god mat-og drikkepause i den flotte haustsola. Etter pausen gjekk neste etappe frå Furuset og til Fjærlandsete, med ny gjeng som skulle leda an. Me fortsatte i eit enda høgre tempo, so dei kilometerane gjekk på eit eugneblink.
Etter ei natt i telt skulle ei ny gruppe leda an frå Fjærlandsete til Fagereggi, tydeleg prega av tempoet dagen før. På Fagereggi hadde me ei 45 minuttars pause, der me fekk i oss mat og drikke, før ei ny gruppe skulle lede oss vidare til Kollsetestølen.
Det var fint vêr på tirsdagen og me hadde god tid, so me unte oss ein god drikkepause på Kollsetestølen.
So skulle den siste gruppa lede oss frå Kollsetestølen-Kollsete, og derifrå tok buss ned til Sogndal igjen..
![]() |
Matlaging på Fjærlandsete. |
Det å ha med meg joggesko er noko eg vil fortsette med, visst det er vêr til det. For det synst eg var godt å ha på seg når ein kjem fram. Er ikkje so tunge og stive som fjellsko.
Ein ting eg skal gjera anleis er å fornye soveposen min, for det var det ikkje heilt topp kvalitet på.. So på natta vart det litt kaldt, spesielt på tedna.
På turen lærte eg om haldepunkt på kartet. Haldepunkt kan hjelpe til å orientera kartet og finne ut kor me er eller skal gå vidare.
Ulike haldepunkt kan vere vatn, elvar, fjell, høgder, skog o.s.v. Dette er kunnskap som kjem til å verta nyttig til seinare turar.
Hei. Leste tidligere i dag bloggen til en som heter Sander Bang. Ser at dere gikk omtrent den samme turen. Er dere med i et slags turlag? Isåfall hvor og hvordan kan jeg bli med i dette? Kommer fra Alna i Oslo, men har slekt i Sogndal, så er ofte på besøk. Er veldig glad i å gå fjellturer når jeg er i Sogndal, blir mye turer hjemme også, men vi har jo ikke så høye fjell som dere har ;-)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDette var ein veldig fin blogg Jonas. du oppsummera kort og greitt og eg føler du fekk tatt med det viktigaste. Du brukte fine bilder, med fine redigeringar og eg tykkjer gruppa di hadde god kontroll når dykk hadde ansvar. Personleg tykkjer eg den svarte layouten du bruker ikkje er den beste, men dette er opp til deg. Alt i alt, ein fin blogg!
SvarSlettHøyres ut som du har vore på ein fin tur. Ser ut som du har lært mykje nytt på turen og hatt det kjekt saman med dei andre. Ser fram til å følga denna bloggen vidare i framtida.
SvarSlettMeget fin blogg Jonas. Veldig oversiktelig og godt skrevet. Det høres ut som du koste deg på turen. Ser fram til å lese de neste "eventyrene" du skal ut på.
SvarSlett