tirsdag 30. september 2014

Brenning av bål.

Bål har vorte brukt i over 500 000 år. Det er mange forskjellige båltypar, til forskjellig bruk og forhald. Noken viktige faktorar for kva slags båltype me burde bruke er: - kva slags ved me kan bruke - er det snø eller berr mark - bruksområdet til bålet.

God kveike ein kan bruke til å få fyr på bålet er bjørkenever eller oppflisa tyri.
Når ein har fått fyr på kveika brukar man dei tynnaste og tørraste  veden først slika at ein får meir varme på bålet og kan legga større kubbar oppå. Når det er komt masse glød treng ikkje veden ein legg oppå vere heilt turr.

Vinterbålet:
- legg store kubbar i botnen (blaut på bakken pga snøen.)
- bygg oppp med tynnare kubbar/pinnar
- Toppar bålet med bjørkenever, granris og spon av tørr ved

Pyramidebål:
- Flisar ein tørr vedkubbe og legg det i botnen (kan legge never i mellom flisane.)
- Tenner på kveiken og når det tar fyr set ein opp tynne kubbar i pyramideform over flammane
- Etterkvart som varmen vert høgre kan ein legge på større kubbar.




kjelder: Friluftslivboka
http://www.skoven-i-skolen.dk/content/lejrliv
http://home.hib.no/ansatte/ker/uteskoleaktiviteter/lage_b%C3%A5l.htm

fredag 19. september 2014

Overnatting på Fjærlandsete

Her ser me ruta som gruppa mi hadde. Raude ringen er
der me sov på Fjærlandsete.
Hei!
No skal eg fortelje litt om turen som eg og friluftslivklassen min hadde til Fjærelandsete den 15.09-16.09.
Turen starta ved Mannsverk i Øvstedalen og enda på Kollsete i Sogndalsdalen. På førehand hadde me planlagt ei rute som me skulle prøve å følgje.
Gutane på veg opp til Furuset.

Me vart og delt inn i fem teltgrupper som skulle jobbe i lag med å finne rute, lage mat og sove telt i lag.
 Den første delen av turen skulle me gå frå Mannsverk til Furusete og gruppa mi leda klassen utan problem opp til Furusete. Me starta å gå klokka 10 frå Mannsverk og det i eit forrykande tempo.
På Furuset hadde me ein lang og god mat-og drikkepause i den flotte haustsola. Etter pausen gjekk neste etappe frå Furuset og til Fjærlandsete, med ny gjeng som skulle leda an. Me fortsatte i eit enda høgre tempo, so dei kilometerane gjekk på eit eugneblink.
Etter ei natt i telt skulle ei ny gruppe leda an frå Fjærlandsete til Fagereggi, tydeleg prega av tempoet dagen før. På Fagereggi hadde me ei 45 minuttars pause, der me fekk i oss mat og drikke, før ei ny gruppe skulle lede oss vidare til Kollsetestølen.
Det var fint vêr på tirsdagen og me hadde god tid, so me unte oss ein god drikkepause på Kollsetestølen.
So skulle den siste gruppa lede oss frå Kollsetestølen-Kollsete, og derifrå tok buss ned til Sogndal igjen..


Matlaging på Fjærlandsete.
Ein ting som eg følte eg gjorde bra var at eg tok med meg nok med klede, når eg kom fram kunne eg byte frå dei kleda eg hadde gått med. Utpå kvelden når det vart kaldare hadde eg varme klede som eg kunne ta på meg. Og visst eg hadde vorte blaut/kaldare hadde eg eit skift til som eg kunne bytta til.
Det å ha med meg joggesko er noko eg vil fortsette med, visst det er vêr til det. For det synst eg var godt å ha på seg når ein kjem fram. Er ikkje so tunge og stive som fjellsko.

Ein ting eg skal gjera anleis er å fornye soveposen min, for det var det ikkje heilt topp kvalitet på.. So på natta vart det litt kaldt, spesielt på tedna.

På turen lærte eg om haldepunkt på kartet. Haldepunkt kan hjelpe til å orientera kartet og finne ut kor me er eller skal gå vidare.
Ulike haldepunkt kan vere vatn, elvar, fjell, høgder, skog o.s.v. Dette er kunnskap som kjem til å verta nyttig til seinare turar.